Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Slutta i styre: Ruth N. Frøysa, Ruth Hole Aaland og Elise Rørhuus-Øie fekk alle blomar for innsatsen for sanitetslaget. Til høgre Kari Kvendset frå fylkeslaget si beredskapsgruppe.
Slutta i styre: Ruth N. Frøysa, Ruth Hole Aaland og Elise Rørhuus-Øie fekk alle blomar for innsatsen for sanitetslaget. Til høgre Kari Kvendset frå fylkeslaget si beredskapsgruppe.

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte med 21 medlemer til stades. 2013 var eit aktivt år i laget og arbeidsplanen framover fortel om meir samfunnsnyttig engasjement.
Fredrik Stadheim – 26.02.2014 09:22:40
I ei svært fyldig årsmelding går det fram at Sunnylven sanitetslag hadde 53 medlemer siste år. Arbeidsoppgåvene har blitt til lokal trivsel for både born og vaksne og fleire har blitt tildelt gåver. Her er nokre av sakene som er omtala i årsmeldinga.

Årsmelding

Året starta med binding og sal av fastelavnsris, og på ein laurdagskafe vart også eit stor bjørketre pynta med fargeglade fjør der næringslivet bidrog mykje med kjøp. Inntekta gjekk til ein lysstolpe framfor Peer Gynt Galleriet.

Seinare i mars var medlemer i Sunnylven barnehage for å lage og servere god og næringsrett mat til borna. God mat var det også under Vårtreffet saman med Sunnylven Pensjonistlag på kyrkjelydshuset. Der vart 22 trimmarar premierte med «Den gyldne spaserstokk”.

På Omsorgssenteret skipa sanitetslaget i juli til kaffistund med bollar og kaker, og i desember vart det halde adventsstund med servering.
Også på Sunnylven skule vart det servert lunchbord for elevar og tilsette i samband med juleverkstad ved skulen. Eit tiltak sanitetslaget har bidrege med i fleire ti-talls år.

Laget skipa ikkje til sitt tradisjonelle loppemarked under Sommardagar på Hellesylt i 2013. Det vart med kafetreff med sveler, kaffi og kaker det året. Vi veit at dei driftige damene vurderer å kome tilbake med nytt loppemarked , kanskje alt under årets
Sommardagar.

I årsmeldinga kan ein lese enno meir om arrangement, om både basar, medlemsmøter og tildeling av gåver. Både årsmelding og rekneskap vart godkjent utan merknad.

Val

Sunnylven sanitetslag har ikkje valt leiar, men jobbar som eit “flatt” styre. Ved val av hovedstyre hadde tre sagt frå seg attval, Ruth N. Frøysa, Elise Rørhuus-Øie og Ruth Hole Aaland. Alle fekk takk og blomar frå laget for innsatsen gjennom fleire år.

Hovedstyret er: Kari Hauso Stadheim, Britt Hauge, Ester Kjellstadli (ny), Anne Marie Ljøen (ny), Ingebjørg Sårheim Fivelstad (ny).
Varamedlemer: Solfrid Lien, Hilde Langlo Brekke, Ruth N. Frøysa.
Valnemnd: Laila Røyrhus, leiar, Elise Rørhuus-Øie, Solbjørg Alme.

Skipar beredskapsgruppe

Leiar i sanitetslaget si fylkesberedskapsgruppe, Kari Kvendset var til stades på årsmøtet og orienterte om viktige detaljar i samband med oppretting av lokale omsorgs og beredskapsgrupper. Om ein krisesituasjon oppstår treng hjelpemannskap mat og hus, å få lokalkunnskap og ha avtalar om transport og leveransar. Her kan lokale sanitetslag bidra, sa Kari Kveldset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380