Lokalsport

Deltok i junior-NM i skiskyting

Trygve Aaland Trygestad kom heim med sterke plasseringar frå junior-NM, mellom anna 9. plass på normalen.
Trygve Aaland Trygestad kom heim med sterke plasseringar frå junior-NM, mellom anna 9. plass på normalen.

Inga Elise Vik og Trygve Aaland Tryggestad representerte Sunnylven IL under junior-NM i skiskyting i Brummunddal 14. til 16. februar. Begge fekk fine plasseringar mellom Norges beste.
Fredrik Stadheim – 25.02.2014 07:56:09

Foto: Annvor Aa.Tryggestad.

18 år gamle Inga Elise Vik og året eldre Trygve Aaland Tryggestad er begge skuleelevar i Stryn og går for Team Statkraft Nordfjord.

Skiskyting har blitt ein stor vinteridrett i Norge etter Ole Einar Bjørndalen og andre gull-grosistar i det som er både ein kondisjon og presisjonssport. Dei to Sunnylven-løparane har trena hardt og målbevisst for å nå toppen, og den nærmar seg.
I Brummunddal vart det ikkje pallplaseringar, men begge kom på fyrste side av resultatlista som er ein imponerande prestasjon i konkurranse mellom dei beste i landet. Trygve fekk si beste plassering med 9. plass under normaldistansen, (0-2-0-0) og ein 32. plass på sprint (1-2).

Trygve Aaland Tryggestad deltok også på Sogn og Fjordane sitt stafettlag som kom på 4. plass, 1.12 bak bronse. Dei andre på laget var Johan Erik Meland, Markane IL, Erlend Solhaug Myklebust, Stårheim IL og Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL.

Inga Elise Vik gjorde også eit sterkt løp på normaldistansen med sin 14. plass (0-2-0-4). Løpet låg an til pallen, men på siste stå glapp medalja.
Men slikt har skjedd før, også med OL-løparar.
På sprint kom Inga Elise på 17. plass (2-3). Ho gjekk også ei stafettetappe søndag der Sogn og Fjordane vart nr. 7. Dei andre på laget var Mari Solli Eide, Stårheim IL og Karoline Erdal, Førde IL.

Inga Elise Vik "lukta" på medalje, men den glapp på siste ståande på normaldistansen.
Inga Elise Vik «lukta» på medalje, men den glapp på siste ståande på normaldistansen.
Trygve Aaland Tryggestad (to frå høgre) saman med resten av stafettlaget til Sogn og Fjordane.
Trygve Aaland Tryggestad (to frå høgre) saman med resten av stafettlaget til Sogn og Fjordane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380