Lokalnytt

Nebbedalen Jakt vann bedriftscupen

Vinnarlaget i Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup 2014. Frå venstre Torstein Fivelstad, Oddmund Fivelstad, Arne Ringdal.
Vinnarlaget i Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup 2014. Frå venstre Torstein Fivelstad, Oddmund Fivelstad, Arne Ringdal.

Nebbedalen Jakt vann Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup i miniatyrskyting med minst mogleg margin. Fyrst på siste skot var sigeren sikra.
Fredrik Stadheim – 13.02.2014 08:51:46
Sunnylven skyttarlag sin bedriftscup i miniatyrskyting samla ti lag i år. Tre skyttarar deltok på kvart lag i konkurransen som foregjekk i klubbhuset på Hellesylt stadion.

Onsdag var det femte og siste runde med finale og premiering. I finalen talde kvart treff dobbelt, så eit “sleivskot” straffa seg dyrt.

Tronstad/Kjellstad Jakt og Nebbedalen Jakt hadde lik poengsum før finalerunden. Der stilte dei begge med rutinerte skyttarar, Rolf Matvik og Oddmund Fivelstad skulle gjere opp om siger og største pokal.

Begge laga fylgde kvarandre og prikka inn ti-arar fram til femte skot, då stakk Oddmund Fivelstad og Nebbedalen Jakt ifrå. Men mot slutten kom Tronstad/Kjellstad Jakt med Rolf Matvik tilbake og før siste skot var stillinga 88 – 87 i Nebbedalen sitt favør.
Begge fekk ni-ar på siste skot så dermed var Nebbedalen Jakt vinnar av bedriftscupen 2014. På laget deltok Arne Ringdal, Torstein Fivelstad og Oddmund Fivelstad.

Også om plassane bakover var det tett kamp. Mellom Esso på tredje, Stabburet og to lag frå Ole Ringdal a/s var skilnaden fire poeng før finalen.
Ankermann på Esso, Claus Furset var treffsikker og sikra tredje plass. Svein Tafjord på Stabburet skaut laget sitt opp ein plass til fjerde, same poengsum som Ole Ringdal a/s 2, men med fleire inner-tiarar.

Eit reint damelag, Bygdekvinnene med Hanne Kvamme, Linn Kammen og Kirsti Frøysadal Hauge vart sist i turnering, men viste mykje god skyting. Kirsti Frøysadal Hauge skaut 99 i finalen, eit resultat som få mannlege gjorde etter.

Dei fem beste laga fekk pokal i premie. I tillegg vart det medalje på deltakarane på dei tre beste laga.

Resultat:
Nebbedalen Jakt 2026
Tronstad/Kjellstad Jakt 2024
Esso 2015
Stabburet 1. 2001
Ole Ringdal a/s 2. 2001
Ole Ringda a/s 3. 1995
Ole Ringdal a/s 4. 1995
Ole Ringdal a/s 1. 1993
HT Bygg a/s 1967
Bygdekvinnene 1920

Dei fem beste laga fekk pokal. Frå venstre Stabburet/Sindre Tafjord, Tronstad/Kjellstad Jakt/Rolf Matvik, Nebbedalen Jakt/Oddmund Fivelstad, Esso/Claus Furset, Ole Ringdal a/s 2./ Kurt Erik Sundgot.
Dei fem beste laga fekk pokal. Frå venstre Stabburet/Sindre Tafjord, Tronstad/Kjellstad Jakt/Rolf Matvik, Nebbedalen Jakt/Oddmund Fivelstad, Esso/Claus Furset, Ole Ringdal a/s 2./ Kurt Erik Sundgot.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380