Lokalnytt

Karnevalsfest i Trollhola

I Sunnylven Barnehage har dei stadig vekk store arrangement. Nyleg vart det halde OL med fleire «øvingar», og torsdag denne veka var det karneval, som i Rio.
Fredrik Stadheim – 07.03.2014 07:33:19
Born og vaksne i Sunnylven Barnehage var nok ikkje like tynnkledde som deltakarar under karneval i Rio i Brasil, men fantasifulle kostymer og påkledning var fullt på høgde.

Også karnevalsstemninga var på topp mellom alle i Trollhola. Her møtte vi barskingar som brannmenn, piratar, løvar og Supermann, men også Minni Mus, prinsesser, Ole Brum og pusekattar.

Karnevalsdagen torsdag starta med discotek, men etter song og dans melde svolten seg. Serveringa var pølse med brød og saft, og deretter var det tid for spaning og opning av ein stor pakke under samling i kosekroken. Der var mindre pakkar til alle inni.

Dei flotte kostymene skulle borna ha på heile dagen, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke. Det var berre å ta på regntøyet når det var tid for uteaktivitetar.

Berre to av borna var fråverande grunna sjukdom på karnevalsdagen. Elles hadde barnehageåret i Sunnylven Barnehage gått som planlagt, og med lite sjukdom, kunne Hilde Langlo Brekke fortelje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380