Lokalnytt

Årsmøte i Gamleskulen aktivitetsmuseum

Ferdig reparert tak vart feira med kaffi og kaker framfor gamleskulen.
Ferdig reparert tak vart feira med kaffi og kaker framfor gamleskulen.

Vanlege årsmøtesaker stod på saklista då Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt hadde årssamling sist onsdag.
Fredrik Stadheim – 10.04.2014 09:10:40
Av ei fyldig årsmelding går det fram at Gamleskulen aktivitetsmuseum har fått skøyte frå Stranda kommune og er eigar av det gamle skulebygget på Hellesylt.

I fjor vart taket på heile bygget restaurert. All takskifer vart lagt om, og med snøfangarar og nye takrenner. Mykje arbeid vart utført på dugnad, men med HT Bygg Hellesylt som hovedentreprenør. Styret rosar arbeidsfolket i årsmeldinga.
Heile takreparasjonen kom på 244.000,- kroner som er finansiert med låneopptak, rabattar og gåver frå bank og einskildpersonar.

Måling utvendig

Organisasjonen har ein stram økonomi, men ser at det er behov for meir vedlikehald av den gamle skulen. Årsmøtet vedtok at heile bygget skal målast utvendig i løpet av våren. Fargane blir dei same som er frå før, kvite veggar med grøne lister.
Arbeidet er viktig å få gjort før sommaren, både for bevaring av det flotte bygget og for det estetiske i Hellesylt sentrum.
Årsmøtet håper på støtte også i dette tiltaket og at mange stiller på når målararbeidet startar.

Gamleskulen aktivitetsmuseum vil ha ope hus med utlodding under Sommardagar på Hellesylt, laurdag 5. juli mellom kl. 14.00 – 17.00 og søndag 6. juli kl. 13.00 – 15.00.

Foreininga har mange støttemedlemer, men ynskjer seg enno fleire. Medlemskontingenten vart vedteken til kr. 100.- for 2015.

Styret i Gamleskulen aktivitetsmuseum:

Styreleiar: Kari Hauso Stadheim
Nestleiar: Marit Ljøen
Skrivar: Odd Jostein Bjørdal
Kasserar: Solfrid Onsøien Lien
Styremedlem: Liv Jorunn Sporstøl.
1. varamedlem: Arne Ringdal
2. varamedlem: Stein Karstensen
3. varamedlem: Fredrik Stadheim.
Valnemnd: Roar Folke Ljøen, Eldrid Skrede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380