Lokalsport

Avspark nærmar seg

Sofie Kjellstad til venstre og Kristin Langeland er av dei yngste som spelar fotball i år. Dei gledar seg til kampane.
Sofie Kjellstad til venstre og Kristin Langeland er av dei yngste som spelar fotball i år. Dei gledar seg til kampane.

Søndag var det Kick Off for alle lag i yngres avdeling i Sunnylven Fotball. Åtte yngreslag fekk sine speledrakter og andre fotballeffekter. 22. april rullar fotballen med Sunnylven/Stranda 2 mot Sæbø på Hellesylt stadion.
Fredrik Stadheim – 10.04.2014 07:48:09
-I dag har vi delt ut speledrakter til alle i yngres fotball. Andre effekter som overtreksdrakt strømper, leggerskyttarar og sko må dei kjøpe sjølve.
No er fotballsesongen snart i gong og vi gleder oss. Det seier Åse Støverstein Ringdal som er ansvarleg yngres i fotballgruppa i Sunnylven IL. Ho bekreftar at ho har alle trenarar og oppmenn på plass.

Søndag foregjekk utdelinga på Sunnylven samfunnshus. Der selde fotballgruppa kaffi og kaker og delte ut pølse med brød og saft til rundt 70 unge spelarar på lag frå J8 til J16.
Dei åtte laga til Sunnylven IL er to i J8, eitt G8 og eitt G9.
Desse fire laga spelar i turneringar som 5-ar lag. I J8 er der mange som har lyst til å spele fotball. Mellom dei er Sofie Kjellstad og Kristin Langeland.

Då der er mange spelarar stiller klubben to lag og besteveninnene Sofie og Kristin kan kome på kvar sitt. Då vil dei også spele mot kvarandre.
Det blir spanande, men vi blir aldri uvenner same kva resultatet skulle bli, forsikrar dei. Og slik skal det seiast.

Klubben stiller med 7-ar lag i J11, G12, J 16, og J14 som 9-ar lag.
Åse Støverstein Ringdal fortel at Sunnylven Fotball har søkt Sunnmøre fotballkrets om dispensasjon til å nytte tre gutespelarar på J16-laget.
Gutane er frå 13 til 15 år. Fotballkretsen har innvilga søknaden, som den aller fyrste nokon gong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380