Lokalnytt

Grendakveld med “Sjøarane”.

Revygjengen til "Sjøarane" som blir å sjå på scena i Sunnylven samfunnshus laurdag kveld.
Revygjengen til «Sjøarane» som blir å sjå på scena i Sunnylven samfunnshus laurdag kveld.

 

For 37. gong blir det grendakveld med Hellesylt ungdomslag og i samarbeid med “Sjøarane”, Sentrumsgrenda i Sunnylven er klare med ein nykoka moromeny frå scena.

Fredrik Stadheim – 09.04.2014 07:50:13
-Det skal bli litt matematisk rekning, eller skal vi kalle det forundring. Det er kvardagslivet på Hellesylt som skal presenterast, både i sketsjar og viser.
No gjer vi vårt beste for å reklamere for oss sjølve og for den flotte bygda vår, så viss det ikkje blir mange som vil flytte tilbake hit etter denne kvelden då veit ikkje vi kva vi kan gjere, seier Trine Tryggestad og får støtte av Wenche Høgalmen Ringdal.

Det var stort sett alt vi fekk revygjengen til å avsløre då vi stakk inn om ei av dei siste øvingane søndag kveld.
Alt var nok ikkje klart, for på bakrommet sat karane i djup konsentrasjon for å lage dei beste og mest slåande replikkar. Det var finpussen dei heldt på med, for det meste var på plass, mellom anna fleire sjølvskrivne viser som får tonefylje av eige band frå sentrumsgrenda.
Bandet har variert instrumentering og erfarne musikarar, avsløra damene før drøsten gjekk vidare. Stemninga var god.

Og i følgje servitørane av det 37. grendakveldprogrammet går dei fleste sleivete leggspark til dei sjølve, så sambygdingar og andre frå nærområde treng ikkje frykte for pinlege kommentar denne gongen. “Sjøarane” er gjestfrie og ynskjer å ta vel i mot alle som kjem til Hellesylt, forsikra dei.

Arrangøren Hellesylt Ungdomslag håpar på fullsett hus. Storstova på Hellesylt rommar rundt 300 personar.
Etter programmet og servering av spekemat blir det dans til musikk av Kjetil Grodås, kjent for sine gode tolkingar av Elton John sine mange topplåtar.

Hellesylt Ungdomslag opplyser at førehandssalet av billettar til grendakvelden med “Sjøarane” er flytta frå vestibyla på samfunnshuset til Peer Gynt Galleriet, Hellesylt der Sunnylven sanitetslag skipar til laurdagskafé.
Billettsalet foregår mellom kl. 12.00 og 14.00. Sjå og aktivitetskalendar for prisar og meir informasjon.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380