Påskemusikalen gleda mange

doc_4061_2

Mange gjekk til høgmesse i Sunnylven kyrkje palmesøndag. Der framførte ungdomskoret Joyful den flotte påskemusikalen ”Har du hørt det” av Alf Georg Østebrøt.
Fredrik Stadheim – 15.04.2014 14:21:42

Foto frå musikalen: Stein Karstensen.

Meir enn tjue gonger har musikalen blitt framført i Sunnylven kyrkje på palmesøndag med barnekor eller ungdomskoret Joyful som aktørar.

Syngespelet er ei sterk forteljing om det som fann stad i påskeveka, har masse flott musikk og tekstar som rører ved følelsar.
Det gjev ettertanke å høyre forteljinga om Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag.

-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv, heiter det i ein av songane Joyful framførte frå musikalen palmesøndag. Men snart blir alt endra og folket ropar -korsfest ham, slipp Barabass fri-.
Jesus døyr på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.

Ei flott framføring av Joyful, tykte sokneprest Stein Karstensen som fekk oppleve påskemusikalen i Sunnylven kyrkje for fyrste gong i år.
Fleire frå koret var solistar og andre batt saman musikalen med forteljingar.

doc_4061_13

doc_4061_14

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380