Stor stemning på grendakveld

Linedance-spesialistar. Frå v. Inger Ann Nybø Vik, Per Svein Hole, Leif Egil Åsen.

Linedance-spesialistar. Frå v. Inger Ann Nybø Vik, Per Svein Hole, Leif Egil Åsen.

Den 37. grendakvelden på Hellesylt vart ein ny suksess. Sjøarane serverte greinalaus moro til latter og applaus i eit nær fullsett samfunnshus.
Fredrik Stadheim – 14.04.2014 09:42:40

Hellesylt Ungdomslag har to store sosiale kveldar, grendakvelden og fjerde juledag. Dei må vi halde på også i framtida, sa Geir Frøysa, styremedlem i ungdomslaget.
Han ønska vel møtt til 37. grendakvelden i Sunnylven samfunnshus der vel 260 hadde sessa seg på stolradene.

Programmet på desse grendakveldane går på omgang mellom bygdelaga i Sunnylven og i år var det Sjøarane sin tur. Det vart ei nitti minutt lang og latterfull forestilling.
Dei glade amatørane frå sentrumsgrenda baud på det meste, sketsjar, song, diktlesing og mange flotte bilete frå Hellesylt og Sunnylven.

Det opna med eit møte i formannskapet i Stranda, med Wenche Ringdal, Oddhild Åsen, Trine Tryggestad, Åse Støverstein Ringdal, Ann-Janne Hole og Cecilie Fannemel i rollene som politikarar.
Etter opprop viste det seg at representanten frå FrP mangla.
Dermed eit rekordraskt og kort formannskapsmøte då ingen tok ordet under handsaming av sakene.

På Ljøen hadde dei skaffa seg god kikkert og Bente Bonsaksen fylgde godt med på det som skjedde på Hellesylt.
Der var eit kokeri starta opp, Knut Dag Langeland og Amund Lien kokte brunost, sa dei. Utstyret med plastslangar og panner tyda på noko anna. Etter melding om røykutvikling kom brannmennene Per Svein Hole og Leif Egil Åsen på synfaring, men slo seg ned etter servering av nokre forfriskingar som utløyste mange gode historier.

Eit nytt danseband har starta opp på Hellesylt. Bandmedlemane i “Fossedur” var Ola Elling Gausdal, gitar og vokal, Bjarne Sjåstad, bass, Jostein Ringdal, slagverk og Erik Torset, sologitar.
Flott driv over musikken og eit innslag som avgjort kunne vore nytta fleire gonger i programmet.

Publikum fekk høyre velskrivne viser, mellom anna av damene som sat heime medan karane var på jakt i skogen. Jaktfruene var Linn Kammen, Oli-Anne Sjåstad og Åse Støverstein Ringdal.

Reset sin rimsmed, Per Amund Frøysa las eigne dikt frå scenekanten, sjøarar viste fram dansetrinn i linedance, det vart matematiske utrekningar av talet 13 og 28 til stor forundring, og på Reset var det musikktimar for husmødre. Der hadde ein musikklærar flytta til og var blitt svært populær mellom musikkinteresserte damer.

Siste innslag var Quiz med Magne Brekke i rolla som Dan Børge Akerø. Spørsmåla dreia seg om ord og uttrykk, som “å fyke ta”, “lapen”, “tefong” og “ballesød”. Lag A med Per Svein Hole hadde rett tyding på alt og fekk til slutt alle poenga. Lag B med Knut Dag Langeland svara greinalaust og feil på alt.

Mellom innslag fekk publikum sjå vakre bilete frå Hellesylt og bygdene kring frå alle årstider. Bileta var tekne og sett saman av hobbyfotograf Eivind Louis Helset.

Programmet til Sjøarane vart ei triveleg stund etter lyd og latter å dømme frå salen. Mykje arbeid var lagt ned både i manus og kostymer. Vitsar og andre latterlege poeng var stadig “på kanten”, slik det ofte blir på slike morokveldar.
Men godt gjennomført av Sjøarane nok ein gong. No går stafettpinnen vidare til “Dalarane” neste år.

Hellesylt Ungdomslag serverte spekemat med tilbehør, kaffi og dessert, før enterteiner Kjetil Grodås sytte for dansemusikken til langt ut i dei små timar.

Jægerfruene, frå v. Linn Kammen, Oli-Anne Sjåstad, Åse Støverstein Ringdal.

Jægerfruene, frå v. Linn Kammen, Oli-Anne Sjåstad, Åse Støverstein Ringdal.

Dansebandet, frå v. Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal, Erik Torset.

Dansebandet, frå v. Bjarne Sjåstad, Jostein Ringdal, Olav Elling Gausdal, Erik Torset.

Avslutningssong, alle i revygjengen på scena.

Avslutningssong, alle i revygjengen på scena.

Grendakveld i eit nær fullsett Sunnylven samfunnshus

Grendakveld i eit nær fullsett Sunnylven samfunnshus

Enterteiner, Kjetil Grodås sytte for stemninga under dansen.

Enterteiner, Kjetil Grodås sytte for stemninga under dansen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380