Lokalnytt

Kjøpte opp egg

Både styremedlem i fylkeslaget, Gunnhild Overvoll og leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad forsynte seg godt med egg på torsdag.
Både styremedlem i fylkeslaget, Gunnhild Overvoll og leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad forsynte seg godt med egg på torsdag.

Det var godt sal av egg i butikkane torsdag. Dagen etter var alt som normalt igjen.

Fredrik Stadheim  –  16.05.2014 08:01:14
I frustrasjon over Staten sitt tilbod til jordbruksavtale kom denne meldinga til fleire på sms frå Norges Bondelag torsdag: «I dag vil vi vise at norsk mat ikke er selvsagt. Kjøp mye egg og få venner til å gjøre det samme».

Aksjonen varte ein dag og fredag før 17. mai vart den avslutta.
–Vi har fått markert at det ikkje er ein sjølvsagt ting å kjøpe Norsk maten i butikkhyllene med Staten sitt tilbod, sa leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke til NRK.
Han meinte at aksjonen var ei vellukka markering.
No vil bøndene som andre feire 17. mai, men kjem igjen med nye aksjonar i neste veke, seier bondleiaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380