Lokalnytt

Ulv drap sauer og lam

Mange stilte på for å hjelpe Per Kjell Leite å få heim dyra frå utmarksbeite måndag.
Mange stilte på for å hjelpe Per Kjell Leite å få heim dyra frå utmarksbeite måndag.

Ein ulv har vore i Sunnylven og herja vilt i saueflokkar på Tryggestad. Til no er 15 dyr bekrefta døde.

Det var for ei veke sidan at ein bilist såg det han meinte var ein ulv på Tryggestad. Dagen før hadde Per Kjell Leite sendt 47 sauer og lam på utmarksbeite.

Det skulle vise seg å vere maks uflaks, for ovanfor utmarksgarden rusla ein av dei store sauedreparane.

Nokre dagar seinare vart dei fyrste kadaver av sau og lam funne og måndag var antal drepne dyr kome opp i 15.

Sikker konklusjon

Ulv har vore eit ukjent dyr i Sunnylven i fleire ti-år. Mistanken til at det var gråbein som stod bak var likevel stor.

Måndag var rovviltkontakter frå Statens naturoppsyn Thomas Rødstøl, Rauma og Kjell Hansen, Stranda på Tryggestad for å slå fast dødsårsakene. Og dei to var ikkje i tvil. Ein ulv har vore på ferde og herja vilt, utan mål og meining. Den sikre konklusjonen kom fram etter at fleire dyr vart flådde. Under huda viste djupe hol i skrotten med 4.5 cm. avstand etter hjørnetennene til ulven.

Ein typisk og sikker observasjon på eit ulvedrap av sau, vart det sagt.

Manglar dyr

Det vart tidleg sanking på Tryggestad. Måndag stilte 22 yrkesbrør og arbeidskollegaer på og hjelpte Leite med å få heim sauer og lam frå utmarka. 23 dyr kom til gards, 4 vaksne og 11 lam er funne døde.

Framleis manglar 9 dyr, men kva som har skjedd med dei er ukjent. Etter endt manngard måndag takka Per Kjell Leite alle som stilte på og fekk dyr vel heim.

Naboen til Leite hadde ikkje slept dyr i utmarka enno, dei gjekk i eit innegjerda beite. Dit hadde ikkje ulven våga seg, han skyr å hoppe over gjerde, blir det sagt.

Leitar etter ulven

Etter herjingane på Tryggestad er ulven observert fleire stader i Stranda og Sykkylven. Kvar han er i skrivande stund veit ingen, men det blir leita etter den med hundar i Sykkylven. Om nokon har observasjonar er ulvejægerane interessert.

Om få dagar skal Per Kjell Leite sende eit stort antal sau og lam på sommarbeite i Oaldsbygda. Der reknar han med at dei går trygt for ulven, for om han vil dit må han symje over Storfjorden, seier han.

Thomas Rødstøl til venstre og Kjell Hansen var sikra på at det var ulv som hadde teke livet av 15 dyr til Per Kjell Leite.
Thomas Rødstøl til venstre og Kjell Hansen var sikra på at det var ulv som hadde teke livet av 15 dyr til Per Kjell Leite.
John Arne Langeland til venstre, Per Kjell Leite, Jo Endre Frøysadal og Trond Åge Dyrkorn studerer bilete av ulvedrap.
John Arne Langeland til venstre, Per Kjell Leite, Jo Endre Frøysadal og Trond Åge Dyrkorn studerer bilete av ulvedrap.
doc_4114_15
Ille tilrett av ulven fann leitemannskap dette dyret. (Foto: Ole A. Ringdal)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *