Lokalnytt

Vurderer fleire traseval for kraftlinje

SFE Nett vil kalle inn grunneigarane til nytt informasjonsmøte om 132 kv-linja i løpet av sommaren. (Illustrasjonsfoto)
SFE Nett vil kalle inn grunneigarane til nytt informasjonsmøte om 132 kv-linja i løpet av sommaren. (Illustrasjonsfoto)

SFE Nett, (Sogn og Fjordane Energi AS) planlegg bygging av ei ny kraftlinje gjennom Langedalen i Sunnylven. Linja blir transportveg for kraftproduksjon i området.

Fredrik Stadheim  –  08.05.2014 12:13:08
Nyleg kalla SFE Nett inn til informasjonsmøte med grunneigarar i Langedalen om ei ny 132 kv. kraftlinje. Her kom det fram innspel om trasevalet som SFE Nett vurderer og jobbar vidare med, fortel avdelinsleder nettforvaltning, Atle Isaksen.

Selskapet er i ein veldig tidleg planleggingsfase, Når det gjeld traseval ser selskapet på rasproblematikken i området og vil få inn ei uavhengig vurdering frå ekspertar på dette. seier Isaksen.

Nye møte med berørte

SFE Nett håper å kunne få til eit nytt orienteringsmøte med grunneigarane før sommarferien.
Når det gjeld Sunnylven skyttarlag og Sunnylven idrettslag som begge har anlegg i område som kan vere innanfor ein linjetrase, er selskapet i dialog med begge om linjeføringa.

Kanskje byggestart neste år

-Kva tid bygging av den nye kraftlinja kan starte er avhengig av fleire ting. Fyrst må søknaden vere klar og sendast til NVE der behandlinga kan ta opp til eitt år. Og vedtaket i NVE er det klagemulegheiter på, så ein byggestart for den nye regionalnettlinja kan ligge noko fram i tid.
Om alle prosessar går på skinner kan vi teoretisk vere i gong med bygging i 2015, men det kan fort bli 2016 før oppstart, seier Atle Isaksen i SFE Nett.
Byggetida er rekna til eitt år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380