Lokalnytt

Avslutningsfest i strålande sol

Martha og Ingeborg
Martha og Ingeborg

Torsdag inviterte Sunnylven Barnehage foreldre og andre slektningar til sommaravslutning i Trollhola. Både servering og underhaldning fall i smak hos dei frammøtte..

Fredrik Stadheim  –  26.06.2014 18:55:16

På ein solrik dag vart det sommaravslutning på uteområdet til Sunnylven Barnehage. Fire av borna var ikkje til stades, men 25 born og tilsette hadde førebudd ein fest med både servering og program.
Her var  kaker for ein kvar smak baka av foreldre, og pølse med brød spandert av Ole Ringdal AS.

Underhaldninga vart mykje song av tonerike kor frå begge avdelingane og eit par andre innslag.
Marta og Ingeborg song «Vi er to små fine damer», og fire andre som flytter til skulen til hausten framførte ei dramatisering av eventyret «Høna og egget».

Når Sunnylven Barnehage startar opp igjen 5. august er det med tre, fire born mindre enn siste år.
Men dei vart mange nok til å få det kjekt i lag, var styrar Hilde Langlo Brekke sikker på.

doc_4170_15 doc_4170_16 doc_4170_14 doc_4170_13

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380