Lokalnytt

Fekk sine vitnemål

Frå venstre: Ingrid Julie Hole, lærar Roar Seljeset, Gard Henrik Eliassen Røyrhus, Åsmund Nybø Vik, Odin Dyrkorn, Sanna Therese Hole, Veronica Grov Øksvang, Johanne Tryggestad.
Frå venstre: Ingrid Julie Hole, lærar Roar Seljeset, Gard Henrik Eliassen Røyrhus, Åsmund Nybø Vik, Odin Dyrkorn, Sanna Therese Hole, Veronica Grov Øksvang, Johanne Tryggestad.

Torsdag var det sommaravslutning ved Sunnylven skule. Under programdelen fekk sju elevar utdelt sine vitnemål etter ti år ved skulen.
Dei sju elevane var i alfabetisk rekkefølgje; Odin Dyrkorn, Gard Henrik Eliassen Røyrhus, Ingrid Julie Hole, Sanna Therese Hole, Johanne Tryggestad, Åsmund Nybø Vik, Veronica Grov Øksvang.
Det var lærar Roar Seljeset som delte ut vitnemåla. Nyleg hadde han saman med ein foreldrerepresentant vore med elevane på klassetur til Oslo.
Etter mykje arbeid på fritid hadde elevane samla ei betydeleg reisekasse, fortalde han. Og det vart ein kjekk tur til hovedstaden  med opphald på hotell, besøk på teknisk museum, Tusenfryd og mange andre opplevingar.

Roar Seljeset rosa elevane, dei var arbeidsviljuge, høflege og stort sett positive, men også ungdom med sterke meiningar.
Alle ved skulen hadde gjort så godt som råd for å gjere dei rusta for nye utfordringar, og var stolte av at gode elevar gjekk ut av skulen også denne gongen.
Seljeset takka så mykje for samarbeidet, gratulerte dei med dagen og ynskte alle lukke til vidare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380