Lokalnytt

Legg VA-leidning til Hellesylt stadion

Mykje sjøvatn i grøfta skapte problem for arbeidet med legging av VA-leidning.
Mykje sjøvatn i grøfta skapte problem for arbeidet med legging av VA-leidning.

Stranda kommune er i gong med legging av VA-leidning til det kommunale nettet frå klubbhuset på Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim  –  30.06.2014 15:22:25

Avløpet frå klubbhuset på Hellesylt stadion har vore lukka anlegg. Med stor bruk har tanken stadig hatt behov for tøming. No blir avløpet knutt til det kommunale nettet med ein liten pumpestasjon.

Stranda kommune og Stranda Anleggsservice AS jobba med å kome gjennom bygdavegen ved stadion med eit trekkerøyr for vatn og avløp.
Det er planen å banke det gjennom veggrunnen utan graving, seier Olger Teigen i Stranda kommune.
Han trur det skal gå, men problemet er sjøvatn som sig inn i grøfta. Med ei stor traktordriva gjødselpumpe gjorde dei forsøk på å pumpe «Sunnylvsfjorden» ut, men det rann fort tilbake.

Planen var å banke seg gjennom vegen for så å halde fram arbeidet etter Sommardagar på Hellesylt, sa Teigen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380