Sommardagar på Hellesylt 2014

«Blanda Drops» vann sandvolleyball

"Blanda drops".
«Blanda drops».

Stor stemning, mykje publikum og seks lag med 36 spelarar var med i sandvolley i SOS-cup på Sommardagane. Vinnar vart «Blanda drops» frå Stranda.

På sandvolley: Per Ingebrigt Karbø –  07.07.2014 20:10:21

På vinnarlaget deltok Åsta Løfald,  Sondre Overvoll Hole, Tobias Lillebø Hjelle,  Fridtjof Lersveen, Lars Erik Fjørstad og Georg Lind. Dei slo ut «Team Kaos» i finalen.

Arrangørlaget «Four H», med seks jenter frå 4H,  kom på tredjeplass.
Stor ære til «Bonseye Smashers», mannskapene frå Hellesylt djupvasskai. Tett før turneringa rykte dei ut på fjorden for å redde sju personer som låg i vatnet ved innløpet til Geirangerfjorden.
Båten låg med kjølen i været. Situasjonen var dramatisk, men til alt hell  vart alle berga inn på ferja Bolsøy.

«Bonseye Smashers» slepte den kantra  båten til Hellesylt og kom rett inn på bana. Der viste dei at dei kan både smashe og serve, men tapte knepent mot «Team Kaos».

«Team Young», «Run Fast» og «Bonseye Smashers», rauk ut i innleiande runder.

Premiene var gåvekort på store Øcal-pizza til alle laga, i tillegg gåvekort frå  G-Sport  til vinnarlaget.
Dommar var Jens Vik, 4H hadde kiosk med heimelaga kake og brus.

"Four H" -4-H.
«Four H» -4-H.
"Bonseye Smashers"
«Bonseye Smashers»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380