Brann etter lynnedslag
Eit kraftig torever over Sunnmøre laurdag kveld førte til lynnedslag og fleire mindre lyng og skogbrannar.
Fredrik Stadheim – 14.07.2014 12:12:35
Omlag kl. 18.00 laurdag slo lynet ned i toppen av fjellet Navarskaftet, vest for Liadalen ved Hole i Sunnylven. Der starta ein godt synleg brann med både flammar og stor røykutvikling, ei hending som ingen i Sunnylven kan minnast har skjedd i nyare tid.
Mannskap frå Stranda Brannvern kom raskt til Hole for å overvake situasjonen.
Beredskapsansvarleg Tore Vassbotn i Stranda Brannvern og Per Amund Frøysa frå det lokale brannvernet på Hellesylt fylgde utviklinga i den bratte fjellsida gjennom kikkert. Det brann i lyng, mose og lauvtre, men Vassbotn rekna med at det heile ville døy ut av seg sjølv.
Brannen slokna etter eit par timar og utan nemnande skadar, nær kongeørna sin reirplass.
Både straum, fasttelefon og mobiltelefon fungerte normalt under toreveret, men Breiband.no sin sendar på Geitfjellet som forsyner Sunnylven med internettdekning datt ut. Fyrst måndag vart feilen retta av selskapet.