Sommardagar på Hellesylt 2014

Opna Sommardagane

Sokneprest Stein Bernhard Karstensen opna Sommardagar på Hellesylt 2014.
Sokneprest Stein Bernhard Karstensen opna Sommardagar på Hellesylt 2014.

Nyepresten i Sunnylven og Geiranger, Stein Bernhard Karstensen opna Sommardagar på Hellesylt 2014. Det skjedde frå utscena laurdag 5. juli kl. 12.00

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 14:30:54

Stein Bernhard Karstensen kom til Sunnylven som sokneprest i oktober i fjor. Her har han funne seg godt til rette, møtt folk som seier det dei meinar, noko soknepresten fortalde at han lika.

Han hadde sett seg godt inn i det som skulle skje, og Karstensen hadde teke seg tur i barnehagen og fretta  kva borna gleda seg mest til under Sommardagar på Hellesylt. Det var besøk på Thomas Tivoli. Men Dagane hadde enno meir å by på så her kunne alle oppleve mykje med opa lommebok, meinte han.

Stein Bernhard Karstensen såg på Sunnylven som ei gjestfri bygd der dugnadsånda framleis lever. Han ønska alt godt og lukke til med arrangementet, mellom anna at det tiande andesleppet ville nå 2000 selde andelodd og dermed setje rekord.

-Hugs på at det er dokke sjølve som gjer dagane trivelege, sa Stein Bernhard Karstensen før han erklærte Sommardagar på Hellesylt 2014 for opna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380