Opplevingar i sentrum

Sunnylven Kyrkje

doc_20_2

Noverande Sunnylven kyrkje vart bygd i 1858 og teken i bruk i 1859. Kyrkja vart teikna av kaptein Rolvsen frå Nordjordeid og vigsla av biskop Kaurin den 7. august 1859. Materialane vart henta frå skogane på Hellebostad, Åsen, Hellesylt og Langeland, men ein god del måtte også kjøpast frå Markane i Hornindal.
Det tok få månader og byggje kyrkja som har 400 sitjeplassar. Kyrkjeklokka er laga i Dresden og elles har kyrkja fleire kostesame utsmykkingar som lysekruner, glasmåleri og døypefont med utskorne symbol. Mest iaugefallande er nok den store altertavla med motiv frå ”Jesu oppstode” med utskjeringar av Ole Elias Kjellstad frå Sunnylven og fargelagd av Per Vigeland.
Søndag 27. september 2009 vart 150-årsjubileet for Sunnylven kyrkje markert med festgudsteneste og med mellom andre biskop i Møre Ingeborg Midttømme til stades.
Kyrkja er opa for turistar sommarstid.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380