Sommardagar på Hellesylt 2014

Tok instagram-bileter

Linn Kammen sende inn "artigaste bilete". Her saman med juryemedlem Arild Ringdal og programleiar Asbjørn Tryggestad.
Linn Kammen sende inn «artigaste bilete». Her saman med juryemedlem Arild Ringdal og programleiar Asbjørn Tryggestad.

Linn Kammen vann seg gåvekort på Trollnibba Sport & Fritid for eit instagrambilete. Det same gjorde Sivert Hovden som sende inn det «beste bilete».

Fredrik Stadheim  –  07.07.2014 20:49:01

Dette var ein ny konkurranse under Sommardagane på Hellesylt og rundt 50 – 60 bilete kom inn, kunne medlem i juryen Arild Ringdal fortelje.

Det vart konkurrert i to klasser, «artigaste bilete» og «beste bilete».
Linn Kammen sigra i kategori «artigaste bilete». Motivet var dotra Tuva om bord i Eliasbåten på småbåthamna.

Sivert Hovden sitt vinnarbilete hadde han kalla «balanse på slak line», teke på badestranda på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380