Yrande badeliv
På badestranda på Hellesylt var det eit yrande folkeliv onsdag. Varmen hadde lokka mange til sol –og badeliv.
Fredrik Stadheim – 09.07.2014 16:54:15
Det var tett med born og vaksne både på land og i vatnet på badestranda onsdag. Med temperaturar på rundt tretti plussgrader hadde tydeleg vis fleire behov for å kjøle seg ned.
Også stupetårnet var ein spanande tumleplass for mange. Vi såg ingen som hoppa frå toppen, men fleire drista seg til frå dei to andre avsatsane.