Lokalnytt

God cruisetrafikk ved Hellesylt kai

AIDA sol ved kai på Hellesylt tysdag.
AIDA sol ved kai på Hellesylt tysdag.

Åtte cruiseskip la til ved Hellesylt cruisekai på to dagar i juli, dei største på 293 meter. Neste år blir trafikken like god og med enno større båtar som MSC Splendida på 333 meter.
Fredrik Stadheim – 12.08.2014 13:27:47

Tysdag besøkte AIDA sol Hellesylt. Båten var den den 77. som la til ved cruisekaia, like mange som i heile fjor. I tillegg har fleire mindre båtar med få passasjerar tendra til kai. Tolv båtar er venta til Hellesylt heretter, den siste er Thomson Spirit 10. september.

Det har vore ein flott sesong så langt og utan uhell av noko slag, fortel driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF, Inge Hole.
Saman med resten av kaimannskapet, Bente Bonsaksen, Roar Ljøen, Ole Hjalmar Bonsaksen, Eivind Helset og Bjørn Ove Muldsvor har han teke mot og forankra båtar med lengde opp til 293 meter utan problem.
Hole er godt nøgd med mannskapet sitt og måten dei jobbar på. Frå 15. minutt til 30. minutt tek det å fortøye ein båt ved kaia.

MSC Splendida

Neste sesong kjem enno større skip enn i år. Gigantiska MSC Splendida er heile 333. meter lang, heile 40 meter lenger enn største båt til no og går åtte meter djupt i sjøen. Heller ikkje slike cruisarar vil by på vanskar å få lagt til ved kaia på Hellesylt, forsikrar dei.

-Vi gler oss til å ta mot MSC Splendida, fyrste gong 4. juni, seier Bente Bonsaksen. Båten besøkjer Hellesylt og Verdsarvfjorden i alt fire gonger neste sommar.

Ikkje begrensa lengde

Tidlegare hadde Hellesylt kai ei grense for båtar opp til 300. meters lengde. Den er no fjerna, fortel Inge Hole.

-Då MSC Splendida melde sin ankomst, kontakta vi Stranda kommune, Kystverket i Ålesund og prosjektørane av kaia. Alle var klare på at grensa på 300. meter kunne fjernast, for kaia har fungert utmerka og utan uhell av noko slag. Her er djupt nok, lite vind og straum.
Kapteinar og losar har vore fulle av lovord om det å legge til her, og det er dei som ved kvart anløp har ansvar for skipet og tek avgjerda om skipet skal til kai eller ikkje..

Hole fortel også at to eksterne firma har undersøkt sjøbotnen kring kaia og i Naturreservatet. Rapportane fortel at der er ingen erosjon eller andre endringar å sjå.

Jobbar med opphaldstid

Mange på Hellesylt håper at cruiseskipa skal ligge lenger ved kaia slik at turistane ombord kan gå i land.

-Vi i Stranda Hamnevesen jobbar heile tida også med liggetid ved kaia, men vi må ha tilbud å vise til om vi skal lukkast med det. Her er ein jobb å gjere for fleire, seier Hole.

I år får Hellesylt besøk av 117 cruiseskip. For neste år har 105 meldt sin ankomst alt. Også i 2016-sesongen er fleire turistbåtar på veg mot cruisekaia på Hellesylt.

Besøk vindmålaren ved Hellesylt cruisekai her: www.portwind.no

Inge Hole er driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF.
Inge Hole er driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF.
doc_4271_14
Mannskap på kaia tysdag var frå venstre Bjørn Ove Muldsvor, Ole Hjalmar Bonsaksen, Inge Hole, Roar Ljøen og Bente Bonsaksen.
doc_4271_15
Fleire av turistane om bord i AIDA sol la ut på sykkeltur mot Flofjellet og tilbake til Hellesylt.
Her er ver- og vindmålaren ved Hellesylt kai.
Her er ver- og vindmålaren ved Hellesylt kai.
MSC Splendida
MSC Splendida

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380