Lokalnytt

Planlegg treffstad for naboar

Om alt går som planlagt opnar Ellen Fivelstad, oppvaksen i Nibbedalen ein kaffibar på Hellesylt til påske neste år. Ho har kjøpt huset der den gamle bokhandelen heldt til.

Ellen Fivelstad planlegg å starte nabolagskafe på Hellesylt.
Ellen Fivelstad planlegg å starte nabolagskafe på Hellesylt.

Fredrik Stadheim – 16.08.2014 09:33:59

I sommar har Ellen Fivelstad vore dagleg leiar ved Villa Norangdal. No har ho kjøpt eit heilt hus i Hellesylt sentrum, den tidlegare bokhandelen og vil starte si eiga vesle verksemd.
Der vil ho lage ein nabolagskafe slik ho kjenner det frå mellom anna Bergen.

Hellsylt bokhandel var ein av mange butikkar på Hellesylt framover til på 70-talet. Folk stakk innom når dei trong skrivesaker, eller ville kjøpe bøker og vekeblad. For dei unge var teikneserieblad som Mika, Buffalo Bill, eller Donald Duck noko av det største ein kunne få tak i.
For ikkje å snakke om vekeavisa Sportsmanden med resultat og omtale av dåtidas idrettsstjerner som Knut «Kuppern» Johannesen, Håkon Brusveen, Toralf Engan, Audun Boysen, eller Egil Danielsen etter 85.71 i Melbourn i 1956.

Ellen Fivelstad jobbar til dagleg som prosjektkoordinator i Askøy Røde Kors. Å seie opp jobben og flytte heim er ikkje aktuelt no, kaffibaren på Hellesylt vil andre halde gåande når ho ikkje er i heimbygda, seier ho.
I langhelgar og feriar kjem ho tilbake og då vil gjestane kome til å møte den blide jenta som har trakka sine barnesko under Fivelstadnibba.

I dei tidlegare bokhandellokala blir det fleire sortar kaffi å få smake. Norge er kjent for å etablere sine eigne kaffikulturar, det manglar på Hellesylt synest Ellen og vil gjere noko med det.
Ho har vore i kontakt med fleire kaffibrenneri så «kaffihuset» kan få mange spanande smakar å by på, både espresso, kaffe latte og cappuccino i tillegg til vanleg god norsk frukostkaffi. Om Irsk kaffi blir å få kjøpt hugsa vi ikkje på å spørje om.

Etter planen vil kaffibaren også ha andre ting å by fram, det blir utlån og byting av gamle bøker, sal av turkart, små gåveartiklar, heimebaka flatbrød, kaker, heimelaga sjokolade frå Knutegarden på Øye og kuleis, ramsar Ellen opp, og legg til;
Verksemda skal ikkje kome i konkurranse med eksisterande tilbod på Hellesylt.

Om alt det formelle og utbetringar av lokalet går som planlagt vil kaffibaren vere i drift frå påske neste år.

Opning av kaffibaren er tenkt til påske neste år.
Opning av kaffibaren er tenkt til påske neste år.
Huset på Hellesylt har to leilegheiter som også skal setjast i stand etter kvart, sa Ellen Fivelstad.
Huset på Hellesylt har to leilegheiter som også skal setjast i stand etter kvart, sa Ellen Fivelstad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380