Lokalnytt

Populære Villa Norangdal

Ved Villa Norangdal har dei hatt sin beste sesong sidan hotellet opna for overnatting i 2007.

 

Vintersesongen vart delevis øydelagt av snømangel, men ut over våren og sommaren strøymde gjestane på, fortel eigar av Villa Norangdal, Iris Fivelstad.

-Frå mars kom vi i gong for fullt med mange skituristar utover i april og mai. Og i juni og juli tok det retteleg av, det vart ein kjempesesong, den aller beste sidan hotellet var restaurert ferdig i 2003 og med overnattingstilbod frå 2007, kan Iris Fivelstad fortelje.

Villa Norangdal har seks doble rom så kapasiteten har til tider vore for liten. Då har gjestar blitt sende for overnatting til både Hotel Union, Øye, Stranda Hotel, Juvet i Valldal og til Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven.

Gjestane kjem frå alle kantar av verda, men kanskje mest frå USA, Tyskland, Brasil, Spania og Russland. Språkvanskar er det lite av då dei fleste snakkar engelsk, men dagleg leiar ved hotellet i sommar, Ellen Fivelstad meistrar fire språk, i tillegg til norsk både engelsk, tysk og spansk.

Både dagleg leiar gjennom sommaren Ellen Fivelstad og eigar Iris Fivelstad smilet nøgde etter ein flott sesong ved Villa Norangdal.
Både dagleg leiar gjennom sommaren Ellen Fivelstad og eigar Iris Fivelstad smilet nøgde etter ein flott sesong ved Villa Norangdal.

På Villa Norangdal er gjestane mykje spreke fjellfolk. Det vesle, særprega hotellet er omkransa av flotte fjell, Kvitegga, Slogen og Blæja for å nemne nokre, tindar som på vakre sommardagar kan lokke både unge og eldre ut på tur.

Då er det fint på slutten av ein dag å kome tilbake til koselege rom og bli servert god norsk, kortreist mat av storfe, får og fisk, og gjerne med ein vin frå New Zealand til. Det set gjestane pris på fortel Iris Fivelstad som rosar sine tilsette som har serva gjestane gjennom sesongen. Sjølv har ho vore i annan jobb det meste av sommaren.

-Det er utruleg godt å vite at det er flinke folk i teamet som kan lede drifta på god og trygg måte. Tilbakemeldingar frå gjestane viser at servicen har vore på topp og at dei har lika opphaldet. Iris Fivelstad kan vise til tal frå booking.com der Villa Norangdal skårar 9.6 av 10.0 poeng.

No er sesongen på hell, men hotellet er framleis ope. Ut over hausten er det fleire tingingar på små og store selskap, åremålsdagar, firmafestar og seminar, opplyser hotelleigaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380