LokalnyttLokalsport

Sprang Skåla Opp

Kari-Anne Tryggestad Ryste representerer Sunnylven IL. Laurdag deltok ho i styrkeprøva Skåla Opp i Loen og vart nummer seks i si klasse.

Kari-Anne Tryggestad Ryste fortel at ho visste lite kva ho gav seg ut på då ho stilte til start saman med 800 andre i konkurranseklassa i motbakkeløpet Skåla Opp.
Ho hadde vore på toppen for fleire år tilbake, men det var på familietur i roleg tempo.

Laurdag var det fart frå start av. Ein time og 56. minutt seinare var ho på toppen og hadde tilbakelagt over 1800 høgdemeter.
Ved målgang vart løparane møtt av regn og sludd, og 3 – 4 plussgrader. Men tilbaketuren ned frå fjellet var flott fortel Kari-Anne, då letta tåka og sola kom fram.

-Eg var nok litt beskjeden i starten og stilte meg langt bak. Neste gong skal eg sikre med startposisjon lenger framme, for det er nesten umuleg å springe forbi nokon fordi det er både trangt og bratt i råsa til topppen, seier Kari-Anne på telefon dagen etter.
Ho er likevel godt nøgd med løpet og 45. plass av rundt 160 totalt i ei kvinneklasse som heldt høgt internasjonalt nivå med løparar frå mange land.

Ho klagar litt over stive bein, men håper å vere klar for nye kilometer i joggeskor til helga. Då er det Nordvest halvmaraton på Hareid som er målet.

Aller mest gler Kari-Anne Tryggestad Ryste seg til 20. september. Då stiller ho i Oslo Halvmaraton.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL gjorde eit sterkt løp under Skåla Opp laurdag. Veka før vann ho motbakkeløpet Brua Opp i Straumgjerdet.
Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL gjorde eit sterkt løp under Skåla Opp laurdag. Veka før vann ho motbakkeløpet Brua Opp i Straumgjerdet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380