Lokalnytt

Avslutta med kaffistund

Kristin Ringdal på veg med eit brett velsmakande kaffimat til bebuarar som ikkje kom til samlinga i daglegstova.
Kristin Ringdal på veg med eit brett velsmakande kaffimat til bebuarar som ikkje kom til samlinga i daglegstova.

Som avslutning på Saniteten si veke 2014 vart pensjonistane ved Sunnylven omsorgssenter invitert til kaffistund fredag.

Kaffistund i daglegstova på Omsorgssenteret på Hellesylt sette punktum for ei aktiv veke i Sunnylven sanitetslag.
Mange av bebuarane møtte fram og drøsen vart både variert og lystig kring småborda.
Der sette sanitetsdamene fram nysteikte vafler med syltetøy og rømme til, og svissrull pynta med krem og fleire sortar bær. Og sjølvsagt var kaffikannene mange og fylte opp etter kvart.

Til kaffistunda som har blitt eit årvisst arrangement til Sunnylven sanitetslag hadde leiinga også med ein gåvesjekk til Sunnylven omsorgssenter. 5000.- kroner var overskotet frå sal av fastelavnsris, kunne styremedlem Kari Hauso Stadheim fortelje. Ho håpa pengane vart til glede for alle bebuarane og overrekte gåva til Anita Langeland som tok mot og takka så mykje på vegne av Omsorgssenteret.

Ikkje alle kom ned til daglegstova og kaffistunda. Dei fekk servering på romma sine av dei tilsette.

På vegne av alle takka bebuar på heimen, Anne Jorunn Ljøen vertskapet for den trivelege stunda med treffande diktstrofer frå mellom anna Henrik Straumsheim.

Styremedlemer i Sunnylven sanitetslag, frå venstre Anne Marie Ljøen, Ester Kjellstadli og Kari Hauso Stadheim.
Styremedlemer i Sunnylven sanitetslag, frå venstre Anne Marie Ljøen, Ester Kjellstadli og Kari Hauso Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380