Flinke potetplukkarar
Mange flittige hender var i aksjon i potetåkeren på Storstein onsdag. Til slutt var fleire kasser fulle med flotte, og nokre litt rare Astriks-poteter.
Fredrik Stadheim – 17.09.2014 20:22:19
Sunnylven Barnehage er ute på aktivitetar ein dag i veka, fortalde styrar Hilde Langlo Brekke.
Onsdag var det tid for potetplukking og det var artig såg det ut som. Men den svarte molda gjorde nok at det vart behov for klevask etter dagens jobb.
Borna i Sunnylven Barnehage er delt i to grupper, Bjørnegruppa består av førskuleborn og er til saman ni. Frå Rev-og Haregruppa kom sju born.
Frå potetåkeren fekk dei med seg mange Astriks-poteter tilbake til barnehagen. Dagen etter var det planlagt å lage ekte potetmos servert saman med pølser.
Det skulle bli eit ekte herremåltid, fekk vi oss fortalt.
Foto av haustteikn
Elles er det stor aktivitet i barnehagen i Trollhola no i det fine haustveret. Mellom anna har Bjørnegruppa hatt blikk på haustteikn og fått teke bilete av fleire ting, fortalde Hilde Langlo Brekke.
Det har blitt til ni bilete som er stilt ut på Stranda Fotoklubb si utstilling i kunstgalleriet Kalvehagen.
Bileta vil også bli vist under hausttakkefesten i Sunnylven kyrkje søndag 28. september.
Seinare i haust blir det tur til slakteribedrifta Ole Ringdal AS i høve temaet om husdyra våre, fortalde barnehagestyraren.