LokalnyttLokalsport

Nye røyr til Hellesylt stadion

Til venstre Erling Furset i Stranda Anleggsservice saman med Ole Aasen i banenemnda Hellesylt stadion. Til venstre pumpestasjonen som blir overbygd med eit lite hus.
Til venstre Erling Furset i Stranda Anleggsservice saman med Ole Aasen i banenemnda Hellesylt stadion. Til venstre pumpestasjonen som blir overbygd med eit lite hus.

Ved Hellesylt stadion har Stranda Anleggsservice jobba med å fornye vatn og kloakkledningar. Arbeidet er snart ferdig.

Fredrik Stadheim  –  03.09.2014 16:43:31
Erling Furset i Stranda Anleggsservice svinga den store gravemaskina og la siste finpuss på eit omfattande, men nødvendig arbeid ved Hellesylt stadion.
Avløpet frå klubbhuset har til no vore samla i lukka tank. Ved mykje bruk har tanken fort blitt full og avløpsvatn har fløymt ut over parkeringsplassen.

No er avløpet både frå Hellesylt stadion og HT Bygg Hellesylt kopla til det kommunale nettet. Grunna det flate terrenget er det kopla saman med ein pumpestasjon som startar ved eit visst nivå i tanken.
Også  nye vassleidningar er ordna og ein ny brannhydrant er på plass.

Arbeidet nærmar seg fullført, og onsdag var Erling Furset i ferd med å skifte ut berelaget og gruse opp halve parkeringsplassen ved stadion.
Der er det sett ned kummar med sluk for å ta unna eventuelt overflatevatn på parkeringsplassen.

Dermed er grunnarbeidet gjort for å kunne asfaltere parkeringsområdet ved Hellesylt stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380