Lokalsport

Rulleskitrening

Fyrste langrennssamling. Framme frå venstre; Kristine, Sara, Markus, Ottar, Simen. Bak frå venstre; Anniken, Gisle, Hans. I bakgrunnen ved kai på Hellesylt, cruiseskipet MSC Poesia.

 

Etter litt lavare interesse for langrenn og meir fokus på andre idrettsgreiner dei siste åra satsar skigruppa i Sunnylven IL på å få fram nye storløparar igjen.

Fredrik Stadheim – 20.09.2014 09:37:23

Sunnylven IL har alltid vore eit idrettslag med gode langrennsløparar. Som eit ledd i satsing mellom unge talent og motivering av nye toppløparar i langrenn får skigruppa besøk av Geir Tony Tomren frå Tomrefjord IL, langrennsløpar og no styremedlem i langrennskomiteen i Møre & Romsdal skikrets.

Vi har fått tilsendt denne orienteringa frå Skigruppa:

«Tysdag 23. september møter vi på klubbhuset kl. 17.30. Møre og Romsdal skikrets v/ Geir Tony Tomren kjem då med 20 par skøyte-rulleski
til born og tilbyr gratis lån denne kvelden.

Dette er eit lavterskeltilbod på rulleski for aldersgruppa 8 – 13 år, med fokus på sikkerheit og morosam tilnærming til langrenn.
( Vi møter alle som har vore med på rulleskitreningane – uansett alder ) .
Denne økta varer til kl. 19.00 og det er viktig at foreldra er tilstades.

Frå kl. 19.00 til kl. 20.30 i klubbhuset på Hellesylt stadion vil Tomren gå gjennom utviklingstrappa til Norges Skiforbund.
Her møter leiarar, trenarar og foreldre, og gjerne andre som er interesserte.

Vel møtt til ein lærerik kveld !

Med sportsleg helsing Skigruppa .»

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380