Lokalnytt

Gapahuk ved Steimshølen

Laurdag kom det på villmarkskledning på veggane. Snart er også torvtaket på plass.
Laurdag kom det på villmarkskledning på veggane. Snart er også torvtaket på plass.

Ved Stadheimfossen i Korsbrekkelva i Sunnylven blir det bygt ein flott gapahuk.

Det er elveeigarlaget som står bak tiltaket med bygging av gapahuk ved den lakserike fiskeplassen. Snikkarar frå Sykkylven utfører arbeidet.

Byggematerialet er runde stokkar av furu, villmarkskledning og torv på taket. Kostnaden blir i si heilheit betalt av Tafjord Kraftselskap, fortel Jan Melseth frå Sykkylven.

-Det er fint å ha ein stad å gå under i ly for regn og vind, seier Melseth. Han har sjølv mange timar kvar sesong på jakt etter storlaksen i Korsbrekkelva.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380