Lokalnytt

Godkjent i Fjellrosa 4-H

Medlemer og leiarar i 4-H klubben samla under haustfesten søndag.
Medlemer og leiarar i 4-H klubben samla under haustfesten søndag.

På same dag som TV-aksjonen med innsamling hadde Fjellrosa 4-H sin haustfest med utstilling og premiering.

I Sunnylven samfunnshus var det utstilling av arbeidsoppgåver, program bevertning og utdeling av 4-H merke.
Mange kom for å sjå og vere med på haustfesten til 4-H klubben i Sunnylven, den einaste i Stranda kommune. Til stades var også fylkesinstruktør May Britt Skjortnes for å dele ut merker, diplom, og andre heidersbevis.
Ho hadde sett på oppgåvearbeida. Ein del småting var det alltid som ein kunne påpeike, men stort sett var arbeida svært bra utført. Ho gratulerte alle med flott innsats.

Til å overrekke utmerkingane fekk ho hjelp av klubbrådgjevar Frank Øksvang og banksjef Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre.

Fjellrosa 4-H har medlemer frå heile Sunnylven, men May Britt Skjortnes påpeika at klubben manglar aspirantar, unge medlemer. Dei fleste er frå 13 år og oppover og med manglande rekruttering av aspirantar kan det bli slutt på Fjellrosa 4-H.
Det heiter seg at ein skal vere ti år når ein kan ta til som aspirant, med aldersgrena kan godt vere lavare om klubben bestemmer det, sa ho.

Seksten medlemer hadde fullført oppgåvene og laga flotte utstillingar. Oppgåvevala varierte mykje, frå form og fantasi, fotografering, baking, friluftsliv, oppgåver om dyr til stell av traktor og plenklipping. Tre av medlemane, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Vik og Håkon Elias Kjellstad fekk i år plakettnåla.
Til våren får dei 4-H plaketten under tilstelling i Molde, den høgaste utmerkinga ein kan oppnå innan 4-H.

Det var ei fin utstilling og ein fin haustfest i Fjellrosa 4-H og med både lødig program, servering, loddsal og Quis-konkurranse.

Desse stilte ut og fekk merker:

Natalie Trøen Frøysa, På gården, aspirantmerke
Vanja Trøen Frøysa, Friluftsliv, sølvmerke
Therese Hauge, Friluftsliv, gullmerke
Anne Grete Langleite, Vi baker, gullmerke
Kathrine Øksvang, Vi baker, gullmerke
Ottaer Frøysa Hellebostad, Plenklipping, fagskjold bronse
Ole Iver Kjellstad, 4-H kokken, fagskjold bronse
Johanne Tryggestad, Vi lagar leir, fagskjold sølv
Åsmund Nybø Vik, Katten min, Fagskjold sølv
Anette Frøysa, Veksttelt, fagskjold gull
Irene Trøen Frøysa 4-H fotografen, fagskjold gull
Lars Kvam Karbø, 4-H fotografen, fagskjold gull
Sigurd Kjellstad, Traktor, fagskjold gull
Nanna Frøysa Hellebostad, Friluftsliv, plakettnål
Inga Elise Nybø Vik, 4-H kokken, plakettnål
Håkon Elias Kjellstad, Skiskytng, plakettnål.

Anne Grete Langleite er leiar i styret for Fjellrosa 4-H, Frank Øksvang er klubbrådgjevar A, og Per Ingebrigt Karbø klubbrådgjevar B.

Anne Grete Langleite er leiar i styre for Fjellrosa 4-H i år.
Anne Grete Langleite er leiar i styre for Fjellrosa 4-H i år.
Desse tre får 4-H sin høgaste utmerking som er plaketten, Frå venstre Håkon Elias Kjellstad, Inga Elise Nybø Vik og Nanna Frøysa Hellebostad.
Desse tre får 4-H sin høgaste utmerking som er plaketten, Frå venstre Håkon Elias Kjellstad, Inga Elise Nybø Vik og Nanna Frøysa Hellebostad.
Natalie Trøen Frøysa t.v. er einaste aspirant i klubben. Kanskje blir veninna Renate med neste år?
Natalie Trøen Frøysa t.v. er einaste aspirant i klubben. Kanskje blir veninna Renate med neste år?
Oddbjørg Stadheim t.v. og Anne Grete Hjelmeland Hole hadde bedømt oppgåvene saman med fylkesinstruktør May Britt Skjortnes, Alle fekk gåve overrekt av festleiar Lars Kvam Karbø.
Oddbjørg Stadheim t.v. og Anne Grete Hjelmeland Hole hadde bedømt oppgåvene saman med fylkesinstruktør May Britt Skjortnes, Alle fekk gåve overrekt av festleiar Lars Kvam Karbø.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380