Lokalnytt

Handarbeidskafé i Bygdetunet

doc_4390_2

Leiinga ved Hellesylt Bygdetun gjentek suksessen frå sist vinter og ønskjer vel møtt til nye handarbeidskveldar.

Ta med deg handarbeidet ditt og møt fram til sosiale kveldar i nyehuset i Hellesylt Bygdetun , er oppmodinga frå leiinga ved bygdemuseet i Lillegjerdet.

Handarbeidskaféen var ein suksess sist vinter og no opnar den igjen måndag 20. oktober.
Er det nokon som har lyst å byrje å strikke, hekle eller lære andre handarbeidsteknikkar, er dette rette staden å få hjelp til å kome i gong.

Det blir høve til å kjøpe kaffi, te og kaker.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380