Jaga etter poeng mot Vartdal
Sunnylven/Stranda 2 kjempa godt i 5. divisjonsoppgjøret mot Vartdal på Hellesylt stadion, men tapte kampen 1-0.
Sunnylven/Stranda 2 spela ein god kamp på heimebane mot Vartdal tysdag, spesielt fyrste omgang var lovande.
Det var likevel gjestane som var nærast skåring, men det gjekk halvtimen før heimelaget sin bestemann Joakim Fivelstad vart sett på prøve.
Heller ikkje eit skot i tverrstonga etter 32. minutt gav teljande resultat for laget i blått og kvitt.
Sunnylven/Stranda 2 hadde fleire kontringar og var på skothald fleire gonger, men det stoppa på 16-meteren. Det vart med nokre halvsjansar og
laga gjekk til pause på uavgjort og 0-0.
Tidleg skåring
Det skulle gå berre to minutt av andre omgang før avgjerda kom i kampen.
Etter hjørnespark stanga Vartdal inn sigersmålet frå kort hald. Utover i omgangen pressa gjestane på for fleire skåringar, og det small i stolpen
ved to høve.
Berre ein Joakim Fivelstad i storslag hindra eit større tap.
Også Sunnylven/Stranda 2 var frampå, spesielt i sluttminutta var det fart og sjanseskapande spel. Men det lukkast ikkje med nettkjenning så
dermed ebba kampen ut med siger 1-0 til Vartdal. Eit greitt resultat kampen sett under eitt.