Lokalnytt

Ønskjer kokk ved Sunnylven Omsorgssenter

Sunnylven Omsorgssenter.
Sunnylven Omsorgssenter.

Pårørandeforeininga ved Sunnylven Omsorgssenter har sendt brev til Stranda kommune med ønskje om kokk i 80 prosent stilling ved omsorgssenteret.

-Mat og trivsel er viktige element i kvardagen til alle menneske. Mat er ein viktig del av omsorgstenesta, og eit godt kosthald er avgjerande for både helse og trivsel. Matomsorg er også viktig for brukarar som krev tilpassa mat-.
Slik heiter det innleiingsvis i brevet som pårørandeforeininga ved Kari Hauso Stadheim, Annfrid Sæther og Egil Røyrhus har sendt til Stranda kommune. Dei ønskjer tilsett kokk i 80 % stilling ved Sunnylven Omsorgssenter.

I brevet viser dei til fleire ting som høgdar livskvaliteten gjennom godt matstell. Å kjenne matlukta vil ofte føre til auka apetitt og at mange gler seg til maten. Og ein kokk vil i større grad kunne tilpasse maten til den einskilde sine behov.

-Form og apetitt vil variere hos dei eldre og då er det naudsynt å kunne tilby noko som fristar og avvik frå det som står på menyen.
Vi veit at underernæring er eit stort samfunnsproblem på norske institusjonar, fire av ti eldre lid av dette-, skriv dei tre i pårørandeforeininga, og held fram;

-Kjøkkenet ved Omsorgssenteret er stort nok og har dei funksjonar som skal til for å kunne lage middag. Kjøkkenet vil trenge ei oppgradering for å gjere det enda betre. Det har stått uforandra sidan omsorgssenteret var nytt.
Ein kokk vil kunne tilpasse innkjøp av råvarer og utnytte ressursane godt. Vi meiner at fersk mat laga på staden i større grad kan skape matglede for dei som bur ved Sunnylven omsorgssenter.
Derfor deler vi ønskje om å tilsette ein kokk i 80 % stilling-, skriv pårørandeforeininga til slutt i brevet til Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380