Lokalnytt

Ønskjer seg kokk ved Sunnylven omsorgssenter

Siw Vangen er einingsleiar ved Sunnylven omsorgsenter. Ho ønskjer seg kokk i 80 % stilling frå nyttår av.
Siw Vangen er einingsleiar ved Sunnylven omsorgsenter. Ho ønskjer seg kokk i 80 % stilling frå nyttår av.

Einingsleiar Siw Vangen er samd med pårørandeforeininga som i brev til Stranda kommune har sett fram ønskjer om eigen kokk ved Sunnylven omsorgssenter.

Tidleg i oktober sende pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter brev til Stranda kommune med ønskje om kokk i 80 % stilling.

I brevet som hellesylt.no har referert frå tidlegare, peikar dei på fleire argument for å tilsetje kokk, tilpassing av mat til den enkelte, innkjøp og utnytting av ressursane, matlukt, matglede, auka appetitt, og matvanar og tradisjon.

Desse argumenta er einingsleiar ved omsorgssenteret, Siw Vangen samd i. Ho ønskjer seg ei meir fleksibel matordning og trur eigen kokk er ein stor fordel både for dei tilsette og bebuarane.

-No får vi maten vakuumpakka frå Stranda der menyen er bestemt for heile veka. Hos dei eldre varierer matlysta og helsetilstanden. Er ein dårleg er det ikkje sikkert at dei vil ha potetball om det er det som står på dagens meny. Då må vi kanskje lage ei suppe i staden eller finne på noko anna.
På omsorgssenteret er vi knapt bemanna og dei tilsette må gå mellom matlaging på kjøkkenet og pasientane, noko som heller ikkje er bra.
Og det er vanskeleg å berekne når vi tingar mat. Stundom blir det for mykje og då skal det kastast det som blir til overs.
Andre gonger er det for lite og kva då. Vi må berre beklage over for pasientane og finne på naudløysingar.
Vi er alle menneske så det er naturleg å både gløyme og gjere feil.

Einingsleiaren trur ikkje ein kokk i 80 % stilling vil føre til innsparingar, men heller ikkje store ekstrakostnader.

-Å frakte maten frå Stranda, lagre den og varme den opp igjen før servering skal også betalast for. Ved å lage maten på eige kjøkken og kunne vere fleksibel, vil ein kunne utnytte råvarene langt betre.
Og ikkje minst, då kan ein servere noko som den enkelte har lyst på sjølv om matlysta skrantar. Å kunne laga maten frå grunnen av lagar matlukt, noko som stimulerer sansane og som gjev auka appetitt, seier Siw Vangen.

For bebuarane sin del ønskjer ho seg kokk på huset, noko ho har lagt inn i budsjettframlegget for omsorgssenteret for komande år. Ho har orientert kommunen om ønskje i budsjettsamtalar, men ikkje fått tilbakemeldingar enno.

Kjøkkenet ved heimen er slik det var då Sunnylven omsorgssenter vart teke i bruk 7. mars 1984. Kjøkkenet treng ei oppussing no, uansett om der blir kokk eller ikkje, meiner Siw Vangen.

Les også:

Ønskjer kokk ved Sunnylven Omsorgssenter

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380