Lokalnytt

Reklamestunt fekk pris

I november 2013 hoppa Tom Erik Heimen frå Helsetkopen i ei brennande drakt, eit reklamestunt for bekledning frå Devold.

Reklamestuntet som vart spela inn med Helsetkopen i Sunnylven som arena og bakgrunnskulisse, vann Gullkornprisen. Geelmuyden.Kieser laga der verdens råeste produktdemo, heiter det.
Fjellflygar Tom Erik Heimen gjorde det vågale hoppet der han i brennande klede hoppa frå kanten på det 1246 meter høge fjellet , men landa trykt på flatene ved Helsetvatnet.

Filmen er sett 600 000 gonger på YouTube med over 1.1 million visningar. har fått sin pris.

Sjå filmen her: http://www.youtube.com/watch?v=5pgg5237NXk#t=10

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Reklamestunt fekk pris

Kommentarfeltet er stengt