Lokalnytt

Siste dag med turistferja

Turistferja Bolsøy ved Hellesylt for siste gong denne sesongen.
Turistferja Bolsøy ved Hellesylt for siste gong denne sesongen.

Tysdag 30. september var siste dag med turistferja Bolsøy på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger for i år.

Frå 1. mai og ut september har Bolsøy trafikkert Verdsarvfjorden med bilar og andre reisande fire turar dagleg.

I juni, juli og august vart kapasiteten dobla, då hadde den flotte ferja selskap av søsterskipet Veøy i same ruta. Slik det har vore i mange
sommarsesongar og slik blir det også neste år, fortel kaptein Einar Eide. Etter rutetabellen er Bolsøy tilbake i ruta mellom Hellesylt og
Geiranger fyrst i mai.

Tysdag la Bolsøy frå kai på Hellesylt for siste gong i år. Ferja skulle ein tur til Geiranger med mellom anna ein stor turistbuss, men dagen
etter går båt og mannskap med kurs for Kristiansund. Der skal den 43 år gamle ferja liggjande i som beredskapsferje og bli klargjort for neste år
og ein ny sesong på Geirangerfjorden.

Kaptein Einar Eide fortel at sesongen har vore god for turistruta mellom Hellesylt og Geiranger. Han hadde ikkje fått tala for september, men ut
august var auken for bil og passasjerar på 10 prosent frå i fjor.
Også i september har trafikken vore overraskande god, seier han. Spesielt har mange utanlandske bussreisande fylgt ferja og fått oppleve den
verdskjende fjorden både i storm og stille.

Klokka 18.30 tysdag la Bolsøy frå kai på Hellesylt for siste gong i år. Båt og mannskap takka for sommaren med mange høyrbare støyt i båtfløyta.

Mannskapet på Bolsøy går no over i andre ferjer, men ser fram til ein ny sesong i turistruta mellom Hellesylt og Geiranger frå tidleg mai neste
år.

Frå venstre: Kjell Øverland, Tage Fredriksen, Erik Bach, Einar Eide, Andreas Andersen, Per Tallerås. Bildet, frå venstre: Kjell Øverland, Tage  Fredriksen, Erik Bach, Einar Eide, Andreas Andersen, Per Tallerås.
Frå venstre: Kjell Øverland, Tage Fredriksen, Erik Bach, Einar Eide, Andreas Andersen, Per Tallerås. Bildet, frå venstre: Kjell Øverland, Tage
Fredriksen, Erik Bach, Einar Eide, Andreas Andersen, Per Tallerås.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380