Lokalnytt

Siste kast etter stamlaksen

Kastenota var full av fisk, kunne Arne Korsbrekke og Jan Melseth konstatere.
Kastenota var full av fisk, kunne Arne Korsbrekke og Jan Melseth konstatere.

Laurdag gjorde elveeigarar og andre interesserte siste kast med nota etter stamlaks i Steimshølen.

I september vart det fanga mykje stamlaks i Korsbrekkelva. Men for å vere på den sikre side og nå det årlege målet med 100.000 yngel i klekkeriet i Husøya, vart det gjort eit siste kast laurdag.
Steimshølen er full av fisk no så då nota vart hala til land var der mellom 60 og 70 fiskar. Mange var små, tykte Arne Korsbrekke som sende dei tilbake i elva. Men fleire var på 7 til 8 kilo og godkjent til å bere laksestamma vidare. Dei vart frakta i striesekkar til eit stort vasskar like ved.

-No har vi rikeleg så då kan vi sortere ut kva fiskar vi vil bruke i yngelproduksjonen, sa Arne Korsbrekke, elveeigar med meir enn ein mannsalder erfaring ifrå klekkeriet.

I vasskara blir laksane ståande til det er tid for stryking i klekkeriet seinare i haust.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380