LokalnyttLokalsport

Sluttar som hovedtrenar

Leif Rune Tryggestad (til høgre) tek over trenaransvaret for Sunnylven/Stranda 2 ut sesongen. Her saman med Tor Odd Kjellstadli.
Leif Rune Tryggestad (til høgre) tek over trenaransvaret for Sunnylven/Stranda 2 ut sesongen. Her saman med Tor Odd Kjellstadli.

Bård Helge Forbord sluttar som hovedtrenar for Sunnylven/Stranda 2. Leif Rune Tryggestad tek over ut sesongen.

Bård Helge Forbord, fast midtbanespelar og denne sesongen hovedtrenar for herrelaget, har gjeve beskjed om at han sluttar som trenar omgåande.

Manglande motivasjon skal vere årsaka, får vi opplyst.

Assistenttrenar og leiar for fotballgruppa i Sunnylven IL, Leif Rune Tryggestad tek over trenaransvaret for resten av sesongen med tre kampar
igjen å spele.
Komande laurdag møter Sunnylven/Stranda 2 serieleiar Vigra på heimebane.

Etter den gode kampen mot Vartdal sist tysdag, håper Tryggestad på poeng og mykje publikum på stadion.

Ikkje kamp mot Hasundgot
Kampen mot Hasundgot blir ikkje spela. Leif Rune Tryggestad opplyser at Sunnylven/Stranda 2 har sagt seg viljuge å spele på ein dato som måtte
passe Hasundgot, men ingen dato høver for laget frå Ullsteinvik.

Dermed går det mot bot for Sunnylven/Stranda 2 for ikkje å ha møtt til kamp, ei bot Tryggestad trur vil ligge ein stad mellom 3000.- og 10000.-
kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380