Storflaum i Sunnylven
Tysdag vart ein våt dag i Sunnylven. Både i Sunnylvsbygda og i Dalen gjekk elvar flaumstore. Også Hellesyltfossen var imponerande.
Det regna mykje i Sunnylven tysdag. Ein privat målestasjon registrerte 50 mm. nedbør frå kl. 17.00 måndag til kl. 08.00 tysdag. Og regnet heldt fram å «bøtte ned» heile dagen, noko som førte til flaum og visse trafikale forhold på vegar.
På Frøysaflata gjekk elva over sine bredder på vestsida og rann over Bygdavegen ved Storstein. Små bilar fekk vanskar med å passere her nokre timar seint ettermiddag.
Vassføringa var sjeldan stor i Bygdaelva.
Ved NVE sin målestasjon ved Øye viste vassføring på 172 kubikkmeter pr. sekund rundt kl. 16.00. Det er langt over ti-års flaum i vassdraget (140 kb.m./sek)
202 kubikkmeter/sek. er rekna som 50-års flaum ved denne målestasjonen.
Regnveret minka av ut over kvelden tysdag.