Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven bygdekvinnelag

Styremedlem Torunn Hauge t.v. og Laila Røyrhus under utstillinga Snurrepiperier tidlegare i år.
Styremedlem Torunn Hauge t.v. og Laila Røyrhus under utstillinga Snurrepiperier tidlegare i år.

Aktiviteten i Sunnylven bygdekvinnelag er god. Laget planlegg både kurs i lefsebaking, julemesse og litt seinare balldag på skulen.

Sunnylven bygdekvinnelag har halde årsmøte med om lag halvparten av laget sine 40 medlemer til stades.
Laget har flatt styre der styremedlemane deler oppgåvene mellom seg.
I styre er desse med: Torunn Hauge, Laila Røyrhus, Marit Hellebostad, Annbjørg Fivelstad, Inghild Storstein.
Varamedlemer: 1. Olveig Brandvoll, 2. Kjellaug Tronstad, 3. Randi Tynes.

Medlemstalet har gått litt tilbake dei siste åra, fortel Marit Hellebostad.
-Årsaka kan vere fleire, enkelte synest årskontingenten er høg, andre prioriterer deltaking i andre lag saman med borna sine. Sunnylven er som kjent ei bygd med mykje aktivitet så tida strekk ikkje alltid til om ein skal vere med på alt, seier ho.

Også bygdekvinnelaget er aktive på fleire felt i lokalsamfunnet. Laget har i fleire år delteke under Sommardagar på Hellesylt med sal av graut og lefser, eit tilbod dei kjem med på laurdag under neste sommardagar.
No i nær framtid er det planlagt å arrangere kurs i lefsebaking om mange nok er interessert, og siste laurdag i november er det julemesse på Hellesylt.

Laget har utstilling av Snurrepiperier annakvart år, men i mars neste år er det balldag på skulen, eit måltid laget får gode tilbakemeldingar på.

Aller fyrst inviterer Sunnylven bygdekvinnelag medlemane sine på julebord på Tronstad grendahus fredag 14. november. Marit Hellebostad håper mange kjem.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380