LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2014

Få på evalueringsmøte

Frå Sommardagar på Hellesylt i 2014. Blir det like folkerike dagar neste år?
Frå Sommardagar på Hellesylt i 2014. Blir det like folkerike dagar neste år?

Er frammøte til evalueringsmøtet for Sommardagar på Hellesylt søndag eit signal om framtida for Dagane? 13 personar møtte.

Det var skuffande oppmøte for komiteen som hadde kalla inn til drøfting og synspunkt på årets Dagar, og planlegging av nye Sommardagar.

-Vi har gjort noko som vi har fått kritikk for å vere seine med eller ikkje gjort tidlegare år, kalla inn til evalueringsmøte. Men frammøte var berre skuffande.
Dagane gjekk bra, men mange bygdelag arrangerer Dagar og Festivalar kvar sommar, så vi er ikkje åleine. Konkurransen er stor om publikum.
Sjølv om ikkje alt er ferdig oppgjort tyder alt på at Dagane kom godt ut også økonomisk.

Om lag slik oppsummerte Svein Sporstøl, ein av fem i årets komite innleiingsvis på møtet.

Signal og tilbakemeldingar på årets sommarhelg på Hellesylt har vore udelt positiv. Fleire tusen var innom arrangementa fyrste helga i juli i som vanleg godt sommarver. Enkelte småting å rette på kjem alltid fram, men i det store og heile gjekk alt knirkefritt, var konklusjonen på møtet søndag.

Årets arrangementskomite gjorde ein stor og god jobb. Men no signaliserer fleire at dei ønskjer å få avløysing. Då må nye inn om det skal bli nye Sommardagar, noko som kan bli vanskeleg å finne.
I alle høve vitna ikkje frammøte til evalueringsmøtet søndag om stor interesse for neste års Sommardagar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380