Lokalnytt

Fekk 4-års boka

Kristin Storstein og dei unge bokeigarane framførte songar frå 4-års boka.
Kristin Storstein og dei unge bokeigarane framførte songar frå 4-års boka.

Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje søndag fekk tre gutar og fire jenter si 4-års bok.

Mange av dei unge kyrkjegåarane var nok spente då sokneprest Stein Karstensen las opp namnet deira i den fine 4-års boka.
Etter tur kom alle sju fram for å få den overlevert.
Tora, June, Elias, Matias, Kristine, Mindor og Julie vart ein fin gjeng i kordøra som fekk vere med å synge songar som står i boka saman med Kristin Storstein.

Og etter kvart henta soknepresten fram gitaren og spela til eit par ekstra kvikke songar. Då kom også smilet fram hos bokeigarane.
4-års boka har mange fine forteljingar og songar.

Utmarsj etter gudstenesta med sokneprest og 4-åringar fyrst.
Utmarsj etter gudstenesta med sokneprest og 4-åringar fyrst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380