Lokalnytt

Folkerik saudehaudfest

Klare for servering av saudehaud. Frå høgre Torunn Hauge, Anne Grete Hjelmeland Hole Margreta Helset Janssen, Wenche Solli, Anne Petrin Sætreås.
Klare for servering av saudehaud. Frå høgre Torunn Hauge, Anne Grete Hjelmeland Hole Margreta Helset Janssen, Wenche Solli, Anne Petrin Sætreås.

Mange fann vegen til Sunnylvsbygda grendalag sin årlege saudehaudfest.

Det vart rekordoppslutning om årets saudehaudfest. Nær 100 personar var sessa kring småbord og langbord då Geir Frøysa ønska vel møtt frå arrangøren.

Geir Frøysa takka mange som hadde hjelpt med arrangementet, men trekte fram spesielt fire, Arne Ringdal og Rolf Matvik som hadde hjelpt med flåinga av 130 saudehaud, Kristen Ringdal ved Ole Ringdal AS der flåing, salting og tørking hadde fåregått, og Leif Egil Åsen som hadde sytt for koking av «delikatessane» til laurdag kveld.

Geir Frøysa registrerte at svært mange unge tok del i dette tradisjonsarrangementet som starta i grendahuset på Hauge i 2000. Det tykte han var positivt.
Mat og drikke gjekk unna og festen heldt fram langt ut i dei små timar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380