God mat på messe
Under julemessa på Hellesylt kunne ein også handle i eit variert utval med matvarer. Vi besøkte nokre av salsdiskane.
KÅLROTA
Ved inngangen til samfunnshuset var det sal av lokalprodusert kålrot og potet. Endeleg fann vi kålrot av sorten Bangholm Rute, den søte og gode danske.
Per Ingebrigt Karbø fortalde at ein bonde på Vereide hadde fått med nokre frø heim frå Danmark.
Han har dyrka kålrot og avla på frøet vidare, frø som også Karbø hadde sådd i jorda under vekstduk og dyrka god rotfrukt av.
KLAPPA FISKANE
I vestibyla hadde Kjell Roset frå Gardskjøkkenet rigga og delte ut smaksprøver på røyka laks og sjøaure. Reine konfekten. Og korleis kan det bli så godt?
–Å eg stryk og klappa på fiskane veit du, lagar dei med kjærleik som det heiter, fleipa Kjell Roset. Sunnylven gane hadde blitt glade i fisk, så salet gjekk godt tykte han.
GULLPØLSA
Så var det inn i storsalen og til fleire matprodukt. Laila ved Hole Kjøtt hadde et bugnande bord av spekepølse og anna spekemat.
Alt var kjempegodt, forsikra ho, men gav ekstra skryt til Gullpølsa.
NIBBEDALEN BAKERI
Bakedamene i Nibbedalen var også på plass. I år som tidlegare bugna det av harding og flatbrød, også glutenfri type.
Nytt av året var heimelaga søst etter oppskrifta til Eline-besta.
GRAUTFESTEN
I den vesle salen sat folk tett som «sild i tønne». Alle skulle ha risgraut, eller kaffi og kake.
Eit tilbod frå Sunnylven Bygdekvinnelag som fall i smak både hos små og store.