Joyful song i kyrkja
Joyful heiter ungdomskoret heile bygda Sunnylven er stolte av.
Joyful øver og opptrer stadig under tilstelningar, i gudstenester, julekonsertar og arrangement i pensjonistlag, sanitetslag og ved støttekonsertar under innsamlingsaksjonar.
Tidlegare i haust var Joyful i Oslo og deltok på «Soul Children Festival». Dit har turen gått fleire gonger med deltaking som avgjort har stimulert dei unge koristane til å bli med vidare.
Søndag fekk dei frammøtte under familiegudstenesta høyre koret i fleire songar frå ein ny CD frå Soul Children. Smittande gla`song som er ei like stor oppleving kvar gong.
Og stadig dukkar det opp nye talent som solistar i Joyful, søndag var det Anna, Sigrid Imilie, Hanna, Sara og Emilie sin tur.
I desse dagar øver koret for framføringar på fleire arrangement, både under gudstenester og i høve julehøgtida.
Joyful har øving kvar torsdag og har no mellom 15 og 20 medlemer som alle er jenter. Musikalske leiarar er Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim.