Lokalnytt

Julemesse på Hellesylt

Frå julemessa 2013.
Frå julemessa 2013.

Fleire lag på Hellesylt går saman som arrangørar og inviterer til julemesse for sjuande år på rad.

Laurdag 29. november blir det julemesse på Sunnylven samfunnshus på Hellesylt. Då blir storstova gjort om til eit stort kjøpesenter med variert utval av varer, bruksting og kunst.
Fleire veker før messeopning har det kome påmeldingar til arrangøren, så her gjeld prinsippet om først til mølla, skriv arrangøren i eit rundskriv som er sendt ut.
I Sunnylven samfunnshus kan ein få ein stand og selje eigne varer. Det kostar 200.- kroner for eitt bord og 300.- kroner for to.

Dersom det er av interesse å delta så ta kontakt med Heidi M. Hauge, tlf. 70 26 50 78. Bindande påmelding innan 20. november.

Mange kjøpelystne brukar å kome innom julemessa på Hellesylt. I tillegg til eit stort utbod av varer blir det også sal av graut, saft, kaker og kaffi.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380