Lokalnytt

Kveldstrim i Kjellstaddalen

Mange unge med gode lykter var mellom dei 85 registrerte i Kjellastaddalen. (Foto: Gunnar S. Fivelstad.)
Mange unge med gode lykter var mellom dei 85 registrerte i Kjellastaddalen. (Foto: Gunnar S. Fivelstad.)

Det lyste frå mange lykter i Kjellstaddalen måndag kveld. Dit arrangert trimgruppa tur i mørkret og 85 unge og eldre kveldstrimmarar deltok.

Søndag gjorde trimgruppa unna premiering og sluttrekneskapen for trimåret 2014. Dagen etter var eit nytt år i gong med kveldstrim til Kjellstaddalen.
Registrering var ved Tverrgarden der trimposten er, om lag ein times gange frå parkeringsplassen på Tronstad.

Rett nok viste veret seg frå si beste side og 85 turglade i alle aldrar deltok. Ikkje rekord for trimturar i mørkret, men svært bra, tykte arrangøren.
Oppslutninga tyder på at slike «sosiale» turtreff er populære. Det har nok også den aktive trimgruppa registrert, så kanskje blir det nye mørketurar ut over vinteren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380