Lokalnytt

Lang teaterhelg

Aktørane i "Kona eller livet". Framme frå venstre Marianne Fivelstad, Bente Bonsaksen, Kristin Storstein. Bak frå venstre: Per Kjell Leite, Per Ove Frøysa, Markus Forbord, Ole Hjalmar Bonsaksen.
Aktørane i «Kona eller livet». Framme frå venstre Marianne Fivelstad, Bente Bonsaksen, Kristin Storstein. Bak frå venstre: Per Kjell Leite, Per Ove Frøysa, Markus Forbord, Ole Hjalmar Bonsaksen.

HUL-teatret har lagt ei lang øvingshelg bak seg. Skodespelar Morten Rudå har bidrege med gode råd.

Sju aktørar i HUL-teatret har i nær tre dagar pugga replikkar og øvd på mimikk og forflytningar på scena.

Det er romjulsspelet «Kona eller livet» av Roy Cooney som det blir terpa på, ei komedie som publikum får sjå frå HUL-scena 4. juledag.

-Det er flinke aktørar, eg ser at dei har spela teater før. Vi har hatt ei god øvingshelg og trur det blir eit flott romjulsspel også i år.
Det sa tilreisande instruktør, skodespelar og teaterpedagog Morten Rudå frå Oslo. Han var på Hellesylt også i fjor og hjelpte med innstuderinga av julespelet.

-Det er skikkeleg stas å bli spurt igjen, seier Rudå. Han reiser rundt og gjev gode råd til mange amatørteater.
Ofte kjem han til stader der dei ikkje er forberedt. På Hellesylt møter han ein gjeng som har sett seg inn i stykket på førehand og i rollene sine.
–Difor greier vi å setje opp stykket på ei langhelg. Det er dyktige aktørar som det er artig å jobbe med.

Han trur publikum får ei enno meir latterfull framsyning i år enn i fjor. Og HUL-teatret sitt opplegg med teater fyrst og deretter dans er sjeldan rundt om. Det er fabelaktig flott, synest Morten Rudå.

«Kona eller livet» har sju roller, og er ei farsekomedie i to akter. HUL-gjengen har gjeve oppsetjinga ein lokal vri.
Ein drosjesjåfør i Volda/Ørsta driv ein hårfin, kronglete køyreplan. Ein dag blir han slått ned av ei gamal dame med handveske. Då kresjar alt.

På rollelista finn vi både debutantar og veteranar. Debutant er Markus Forbord, Ole Hjalmar Bonsaken er tilbake 12 år etter at han var Lille Eyolf, og like lenge har Bente Bonsaksen hatt teaterpause.
Marianne Fivelstad, Kristin Storstein, Per Ove Frøysa og Per Kjell Leite utgjer resten av moroskaparane 4. juledag.

Heilt til høgre instruktør Morten Rudå. Til venstre sufflør Anne Marie Sømoen Frøysa, og bak styremedlem i teatergruppa Inghild Storstein.
Heilt til høgre instruktør Morten Rudå. Til venstre sufflør Anne Marie Sømoen Frøysa, og bak styremedlem i teatergruppa Inghild Storstein.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380