Lokalnytt

Spenstig danseavslutning

Hatten fauk av stonga når Kristian Frøysadal Hauge viste spenstige hopp.
Hatten fauk av stonga når Kristian Frøysadal Hauge viste spenstige hopp.

Som avslutning på sesongen for barneleikarringen i Hellesylt Ungdomslag inviterte leiinga og dansarar på generasjonsfest på Sunnylven samfunnshus laurdag.


Det vart mykje lette hopp til friske tonar under avslutningsfesten med barneleikarringen laurdag. Festen vart ei triveleg stund også for dei mange frammøtte av foreldre, besteforeldre, sysken, tanter og onklar som fylte salen.

Etter det vi fekk sjå under danseframsyninga forsto vi at det har blitt mange timar øving gjennom sesongen. Og ikkje minst, det var både takt, presisjon, spenst og blide ansikt å sjå. Slikt må også tilskodarar bli i godt humør av.

Men det blir ikkje kvalitet over framføringane utan god instruksjon.
–Vi har hatt god hjelp av mange, fortalde leiar i leikarringen, Wenche Ringdal. Også resten av styre med Wenche Solli, Randi Sæter og Ann Kristin Vollsæter har hjelpt til i tillegg til mange foreldre, fortalde ho.
Aller mest ros gav ho til Astrid R. Ringdal som har vore den faglege rettleiaren i barneleikarringen. Ikkje berre i år, men i heilt 26 år samanhangande til no.
Det burde kvalifisere til meir enn eit par prisar frå fylke og kommune for nokre år sidan, og æresmedlemskap i HUL.

Astrid entra dansegolvet sjølv saman med sine unge elevar som viste både hallingspark og spenstig danseoppvisning til både folkemusikk og meir moderande raggtime-rytmer.

Generasjonsfesten baud også på servering av kaker, kaffi og saft, ei lita oppsummering av aktiviteten igjennom sesongen og bilete frå deltaking både på Sunnmørsstemne på Vatne og Sjokoladekappleik på Borgund vidaregåande skule, før det heile vart avslutta med eit felles dansenummer av alle dei tretti i barneleikarringen.

Ei flott avslutning på eitt nytt aktivt år for unge dansarar i Hellesylt Ungdomslag.
I februar/mars startar vi opp igjen, fortalde Wenche Ringdal.

-
Astrid R. Ringdal var ved i dansen saman med sine unge elevar.
Astrid R. Ringdal var ved i dansen saman med sine unge elevar.
-
Mange møtte fram og let seg imponere.
Mange møtte fram og let seg imponere.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380